Njuike váldosisdollui

Dronninga på Tekstilsymposium i Skien

Hennar Majestet Dronning Sonja møtte unge og vaksne som brenn for tradisjonshandverk på Norges Husflidslag sitt Tekstilsymposium i helga.

14.10.2024

Norges Husflidslag inviterte til kurs og føredrag, i tillegg til stort husflidsmarknad, utstillingar, workshops og aktivitetar for unge.

Dronninga i samtale med museumsdirektør Barbara de Haan ved utstillinga Vest-Agder-tepper. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronninga er Norges Husflidslag sin høge beskyttar og var til stades på opninga av symposiet på museumsbygget VEV i Brekkeparken fredag, og på det faglege programmet i Ibsenhuset laurdag.

Der møtte ho òg representantar for Ung Husflid som demonstrerte arbeid med brikkevev, saum av flosskant og spinning på rokk.

Synnøve Semb (16) frå Skien viste Dronninga korleis ho brukar ein rokk til å spinne garn. Ho viste òg fram ei kufte ho har laga heilt sjølv – heile prosessen frå å klippe sauen til ferdigstrikka jakke. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Tekstilsymposium 2024 hadde Raudlista som gjennomgåande tema, det vil seie gøymd og nesten gløymd husflidskunnskap.

Dronning Sonja studerer produkt laga av kursdeltakarar på Tekstilsymposium 2024 saman med styreleiar Agnete Sivertsen i Norges Husflidslag. Kursdeltakarane har fått innføring i fire raudlisteteknikkar – metallknipling, perlebroderi, brillevev frå osebergfunnet og telemarksbinding. Dette er teknikkar som få kan, men som no blir formidla vidare. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronning Sonja blir ønskt velkommen utanfor museumsbygget VEV i Skien av styreleiar Agnete Sivertsen i Norges Husflidslag, direktør for Telemark Museum Barbara de Haan, visepolitimeister Kathrine Stein, ordførar Marius Roheim Aarvold og statsforvaltar Trond Rønningen. Foto: Dag Jenssen / Telemark Museum

Omvising i utstillinga "Alt dette er ditt" på Telemark Museum. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

 

 

 

 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas