Njuike váldosisdollui

Jon Fosse i audiens

Hans Majestet Kongen tok imot forfattaren Jon Fosse i audiens på Slottet i dag. Fosse vart tildelt storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden 7. juni.

20.09.2024

Audiensen fann stad på kontoret til Kong Harald, som ein samtale mellom Kongen og forfattaren. Jon Fosse vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden allereie i 2005, men forfremja til storkors for sitt framifrå forfattarskap.

St. Olavs Orden vert tildelt som "belønning for framifrå fortenester for Noreg og menneskeheita", og storkorset er ordenens høgaste klasse.

Kong Harald tok i mot Jon Fosse i audiens. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB

Reisevegen var kort for forfattaren i dag. Jon Fosse bur til dagleg i "Grotten" – staten sin æresbustad for kunstnarar og næraste nabo til Slottet.

Jon Fosse på veg heim til "Grotten" etter audiensen med Kongen. Æresbustaden ligg i utkanten av Slottsparken. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB

I oktober 2023 kunne Kongen gratulere Jon Fosse med Nobelprisen i litteratur. Fosse er den fjerde norske forfattaren som har fått denne store æra, etter Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset (1928).

 

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas