Njuike váldosisdollui

Delte ut Abelprisen til fransk matematikar

Den Høgvørde Kronprinsen overrekte i dag den prestisjetunge Abelprisen for 2024 til Michel Talagrand for banebrytande bidrag til sannsynsteori og funksjonalanalyse.

21.05.2024

Arbeidet til Talagrand har gitt meir kunnskap om den matematiske teorien knytt til tilfeldige fenomen som vi er omgitt av, slik som vêrprognosar og store språkmodellar.

Kronprins Haakon overrekker Abelprisen 2024 til den franske matematikaren Michel Talagrand. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Michel Talagrand ved Centre national de la recherche scientifique (CNRS) i Paris, Frankrike, fekk Abelprisen av Kronprins Haakon under ein høgtideleg seremoni i Universitetets Aula i Oslo i ettermiddag.

Kronprins Haakon tok imot Michel Talagrand, vinnaren av Abelprisen, i audiens på Slottet tidlegare på dagen. Foto: Heiko Junge / NTB

Abelprisen er ein internasjonal matematikkpris oppretta for å heidre det norske matematiske geniet, Niels Henrik Abel (1802-1829). Abel sette varige spor i den matematiske verda. Matematikken hans har vore grunnleggande for ei rekke teknologiske gjennombrot, mellom anna for internettet sin framvekst.

Abelprisen blir finansiert av den norske staten og delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi.

 

Guoskevaš leaŋkkat

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas