Njuike váldosisdollui

Markerte frigjerings- og veterandagen

8. mai vart frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen markert over heile landet. Den Høgvørde Kronprinsen deltok i markeringa på Akershus festning i Oslo.

08.05.2024

Ti F-35 jagerfly flaug i formasjon over Festningsplassen rett etter at Kronprins Haakon hadde kome, før markeringa heldt fram med nasjonalsong og inspeksjon av Forsvaret si honnøravdeling. Kronprinsen la ned krans ved Nasjonalmonumentet, etterfølgt av taler frå statsminister Jonas Gahr Støre og soldat Kristian Nakstad.

Ni soldatar mottok Forsvaret sin medalje for edel dåd.

Kronprins Haakon legg ned krans ved «Nasjonalmonumentet for krigsofre 1940–45». Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Major Øystein Mathisen mottek Forsvaret sin medalje for edel dåd av forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Sidan 1945 har vi markert 8. mai som frigjeringsdagen, etter fem år med okkupasjon under den andre verdskrigen. I Noreg er 8. mai òg nasjonal veterandag. Vi hyllar over 100 000 kvinner og menn som har deltatt i meir enn 120 internasjonale operasjonar i kampen for demokrati og menneskeverd.

Kronprins Haakon inspiserer Forsvaret si honnøravdeling. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Ti F-35 jagerfly flaug i formasjon over Festningsplassen. Foto: Lise Åserud / NTB 

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas