Njuike váldosisdollui

Beredskap i vinterfjellet

Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsregenten og Kronprinsessa besøkte denne veka Finsekurset i regi av Raudekrossen, og fekk eit innblikk i kurs i søk- og redningsaksjonar under krevjande forhold i vinterfjellet.

29.02.2024

Finsekurset er eitt av dei viktigaste kursa for utdanning av aksjonsleiarar for søk- og redningsaksjonar i Noreg på vinterstid, og samlar 25 deltakarar frå Raudekrossen, Hovudredningssentralen, Politiet, Brann- og redningsetatane og Sivilforsvaret.

Kronprinsparet besøkte Finsekurset i regi av Raudekrossen Hjelpekorpset og møtte deltakarar, kursleiarar og frivillige som deltek i øvinga. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Hovudmålet med kurset er å gjere deltakarane betre rusta til å leie leiteaksjonar under krevjande vinterforhold, og strekkjer seg over ei veke.

Natur og klima på Finse i februar og mars sikrar realistiske og utfordrande forhold for kursdeltakarane.

Deltok i øvingar

Under Kronprinsparet sitt besøk, som gjekk over to dagar, fekk dei mellom anna ei grundig innføring i dei årlege kursa Raudekrossen Hjelpekorpset arrangerer på Finse – gjennom orienteringar og samtalar inne på Finsehytta, og under observasjon ute i øvingsområdet.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk også sjølve ta del i ulike øvingsmoment saman med kursleiarar, deltakarar og frivillige under besøket. Mellom anna var dei med på øvingar i felt med fokus på livreddande søk i skred – og søk etter skredtatt med elektronisk sendar og mottakar.

Kronprinsparet både observerte og deltok aktivt i øvingane under besøket til Finse. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Lang tradisjon for kursing i vinterfjellet

Raudekrossen sine kurs på Finse har tradisjonar tilbake til 1959. Sjølv om kurset føregår i same klima og i røffe omgjevnader, slik det har gjort i alle desse åra, har metodar, utstyr og kompetanse endra seg i takt med tida.

Det blir gjennomført to ulike kurs på Finse i regi av Raudekrossen Hjelpekorpset i år. Det andre kurset er «Lagleiing søk og redning». Her er alle deltakarane frå Raudekrossen – og hovudmålet med dette kurset er å utdanne lagleiarar som skal leie leiteaksjonar uavhengig av årstid og omgjevnader.

Raudekrossen sitt kurs finn stad på Finse - der natur og klima sikrar realistiske og krevjande forhold for øvingar i vinterfjellet. Kronprinsparet deltok i fleire av øvingane torsdag, mellom anna køyrde dei scooter med eit lag med snøre-køyrarar bak på veg ut til øvinga. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Juogat dán artihkkala Twitteris ja Facebookas:

Juogat dán artihkkala Twitteris Juogat dán artihkkala Facebookas